Henjatunet
Gardstunet på Henja ligg høgt og fritt oppe på ein bakketopp. I dag kan det tykkjast underleg at tunet er plassert her og ikkje nede ved fjorden. Det måtte då vera tungvindt å streva seg opp dei tunge bakkane med alle varer som skulle til gards, og det måtte vera tungt å få grøda frå åkrane i hus. Men det er ikkje tvil om at tunet gjennom alle tider har lege der husi til Henjagardane ligg i dag.
Denne plasseringa er nemleg heilt typisk for kor dei gamle nordmennene bygde husa sine. Overalt i jordbruksbygdene finn vi det same: dei gamle gardstuna ligg oppe i liene, på oversida av innmarka.
Ein har ofte spurt seg kvifor tuna vart plassert slik, og ei forklaring er gjerne at det var forsvarsomsyn som gjorde at husa vart bygde høgt oppe og med godt utsyn. I somme høve kan vel og desse omsyna ha vore avgjerande. Det var urolege tider i landet då desse gardane vart busette, her fanst inga statsmakt som heldt ro og orden, og ein måtte vera budde på å verta angripne av fiendar kor tid som helst.
Men trass i dette reknar ein med at det var andre omsyn som gjorde seg gjeldande når folk valde seg ut buplass på ein gard. Det var om å gjera at byggjegrunnen var turr og fast og det måtte vera vatn i nærleiken. Dessutan var det viktig at dei kunne nytta ut gjødselsiget av fjøsen til åkrane sine. Anna gjødsel hadde dei sjølvsagt ikkje. Gardstunet på Henja har skifta andlet mange gonger opp gjennom historia. Heilt fram til sise halvdel av førre hundreåret var det berre eitt tun på garden, husa til dei ulike bruka stod om ein annan. Ved den store utskiftinga i 1860-åra vart dette endra, det gamle fellestunet vart delt og tunskipnaden vart slik vi kjenner han i dag.

Heim    Tilbake     Kjelde