Gardsnamnet Henjum

Kva kan så sjølve namnet Henjum fortelja oss om alderen og busetnaden på garden?
Den fremste stadnamngranskaren i Noreg, Oluf Rygh, meiner at namnet Henjum opphaveleg har lydd Heinvinjar, og at dette var ei samansetjing av to gamalnorske ord; hein, som tyder brynestein, og vin som tyder beite eller grasland. Etter dette skulle tydinga av namnet Henjum vera klart nok. Dette var beitemarkene der dei fann brynesteinar. Kor dei fann desse brynesteinane er det ikkje godt å seia, vi kan ikkje påvisa noko slikt steinbrot på Henjum i dag.
Når vi veit at namnet Henjum er eit -vin namn, veit vi og at det er eit særs gamalt namn. Dei aller fleste gardsnamna som endar på vin, eller som opphaveleg enda på -vin frå det vi kallar for forhistorisk tid, dvs. tida før ca. år 800.
Stadnamngranskaren Magnus Olsen reknar med at dei fleste vin-namna kom til i det ein kallar for romartida, eller den romerske jarnalderen, dvs. dei første 400 åra av vår tidsrekning. Når vi tek omsyn til det vi elles veit om Henjum må det vera rimeleg å tru at denne garden må vera mellom dei eldste vin-gardane. Vi tek såleis neppe mykje feil om vi hevdar at dette namnet må vera framimot 2000 år gamalt, ja, kanskje kan det vera enda eldre.

Henjatunet               Tilbake