Stor heider til Leikanger HVområde 10403

hv.jpg (36319 bytes) Ein prestasjon det står stor respekt av, sa sjef HV-10 oblt Nils Th. Melby (t. v), då han overrekte skarpskyttarstatuetten til (vidare f. v.)     Knut Grinde, Per Henjum, Lars Jonny Røysum, Kjell Næss og Torvald Edvin Fosse (ikkje til stade).

Foto: Ola Hopperstad

 

Det må kunne kallast ei spesiell hending sjef HV-10, oblt Nils Th. Melby, kunne dele ut Skarpskyttarstatuetten til ikkje mindre enn fem djerve HV-soldater, alle heimehøyrande i Leikanger HV-område 10403.

Dette er ein prestasjon det står respekt av, sa oblt Melby, då han i sommar vitja Leikanger HV-område for å dele ut heile fem eksemplar av denne høgthengjande utmerkinga.

Stor prestasjon.

For å oppnå heidersteiknet, Skarpskyttarstatuetten, må skyttaren skyte sølvmerket heile 18 gonger, fordelt på like mange år.  Per Henjum, Lars Jonny Røysum, Torvald Edvin Fosse, Kjell Næss og Knut Grinde har gjort nettopp det.   Dette er ein stor prestasjon, som og viser at dei er spesielt interesserte i skyteidretten, sa oblt Melby, før han delte ut statuetten til skarpskyttarane

Statuettane vart delte ut i samband med Leikanger HV-område sitt befalsmøte i skyttarhuset på Kvalen, der HV-området serverte kaffi og kvit dame for å heidra skarpskyttarane. I sin tale til forsamlinga sa oblt Melby at det er eit overordna mål for Heimevernet at HV-soldaten skal være allment kjent som ein god skyttar, ei utfordring som set krav til både befalet og den einskilde HV-mann. For å oppnå dette er generelt meir skyting under øvingane eit nøkkelord, meinte oblt Melby. Han peika og på at det har vore gode erfaringar med ei større satsing på feltskyting som ein del av skyteutdanninga i Heimevernet.

Tradisjonsrikt skyttarlag

Alle dei fem skarpskyttarane har vore meir og mindre aktive i Leikanger skyttarlag, eit tradisjonsrikt skyttarlag med mange aktive skyttarar, som for nokre få år sidan tok i bruk det nye og topp moderne skyteanlegget på Kvalen. Skyteanlegget vert og flittig brukt av Leikanger HV -område under øvingane, og ingen vert vel overraska om oblt Melby snart må på ny vitjing i Leikanger for å dele ut statuettar.

Tekst og foto:  OLA  HOPPERSTAD                                                        Tilbake